Hopp til innhold
X
Innhald

Kystbatteriet på Storeneset ved Eltvik

Kanonstilling på Storeneset. Foto: Kjell-Ragnar Berge.

Kanonstilling på Storeneset. Foto: Kjell-Ragnar Berge.

Storeneset ligg sør for Eltvik på nordsida av Stadhalvøya. Her bygde tyskarane eit stort fort som dekte havstykket i Vanylsgapet nord for Stad og skulle sperre innløpet til Vanylvsfjorden. Truleg hadde fortet eit mannskap på 127 mann, derav 26 offiserar og underoffiserar.

Fortet var bygt ut i september 1942 og hadde seks franske 155 mm feltkanonar med ei rekkevidde på 16,7 kilometer. Dessutan to tyske 50 mm kanonar, ei russisk 4,5 mm kanon og to luftvernkanonar, ein 50 mm tysk granatkastar, fire mitraljøser og 20 flammekastarar til nærforsvar. Fortet hadde to store 60 centimeters lyskastarar.

Mannskap og offiserar budde i ni brakker kring om på anlegget som var verna av piggtråd og minesperringar med i alt 2.456 miner. Under rydding av minene etter krigen miste ein tysk underoffiser livet då ei mine gjekk av.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.04.2010