Hopp til innhold
X
Innhald

Lars Barmen

 Foto: NRK.

Foto: NRK.

Lars Barmen fødd 1962 på Barmøy, busett i Oslo. Meisterkokk. Barmen er kjend som fjernsynskokk på NRK 1 gjennom fleire år med programmet ”Barmeny”.

Barmen har røynsle som kokk frå fleire austasiatiske restaurantar og frå fem år på gourmetrestauranten Bagatelle i Oslo.

Lars Barmen vart kåra til Årets kjøkkensjef i 1998 og har vore medlem av det norske kokkelandslaget i meir enn 12 år.

Han har m.a. gjeve ut kokebøkene ”Norsk sjømat”, ”Norsk mat”, ”Koke ute”, ”Barmens Grill” og ”Barmens kjøkkenskole”.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 23.03.2010