Hopp til innhold
X
Innhald

Lokalt kystmuseum i Hoddevikbua

Hoddevikbua på Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hoddevikbua på Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ananias A. Hoddevik starta i 1898 landhandel på Leikanger på Stadlandet.

Ektemaken Johanna og sonen Asbjørn Hoddevik dreiv vidare til Ananias døydde i 1935. Firmaet dreiv også handel med fisk og sild, og var ekspeditørar for ruteskipa til Møre fylkes Ruteselskap (MRF). Hoddevikbua vart utvida på 1950-talet og tente som fiskemottak til fram på 1970-talet.

I 2007 gjekk ei lokal gruppe saman for å få verna buda som lokalt fiskerimuséum i tilknyting til ein serveringsstad i den gamle Furebua like ved. Hoddevikbua vert som muséum ein filial under Kystmuséet i Florø.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.03.2010