Hopp til innhold
X
Innhald

Losane på Stad

Navigerte etter lyden på fallgarden

Stadhavet er eitt av dei mest verharde, opne havstykka langs Norskekysten, med mange livsfarlege båar og fall. Då var lokalkjende losar gode å ty til. Losstasjonane i Selje kommune låg i Honningsvåg og i Ervik. Utkikshaugen for losane i Ervik heiter framleis «Loshylla». Sør for Sildagapet sat det los i Kråkenes og på Silda. Fleire av desse losane kring Stadhavet var i sving heilt til kring 1900.

Navigerte etter lyden på fallgarden

Før 1870 fanst det ikkje eitt einaste fyr korkje i skipsleia og for fiskefelta mellom Kinn ved Florø og Runde på Sunnmørskysten. Det vert fortalt at losane på Stad, når dei skulle ro ut for å assistere skip i mørke, måtte lye til lyden i falla for å navigere. Kvart fall hadde nemleg sin eigen tone eller lyd. Då la dei røynde losane øyra til skipsdekket for å høyre etter lyden på dei ulike falla, og såleis rekna ut kor langt unna fallgarden skipet sigla.

10 losar frå same familie

Losyrket gjekk gjerne i arv i same familien. Ein av dei som vart stamfar til ei heil slekt med losar, var Andreas Andreasson Honningsvåg fødd 1841. Sjølv var han los gjennom eit langt liv og fekk etter seg to søner, ein soneson, tre svigersøner og tre dottersøner som alle vart losar. – I alt 10 menn frå same familie, i tre generasjonar.

Losyrket var livsfarleg

Dei lokale losane brukte vanlege robåtar når dei tok seg ut til seglskipa som bad om assistanse. Det seier seg sjølv at losyrket på Stadhavet var eit livsfarleg yrke som kravde mange liv. Verste ulukka hende i ein septemberstorm i 1849, då eit skip bad om los utanfor Stad, og losen med fire losdrengar som rorskarar gjekk ut frå Honningsvåg. Losen berga seg ombord i seglskuta som bad om hjelp, men alle fire rorsdrengane hans drukna ute ved flua Stålet.

Sør får Stadhavet søkte skipa som oftast naudhamn i Selje. Nord for Stad i Haugsleira på Kvamsøya.

- Les elles om store skipskatastrofar på Stadhavet under Ulukker i Selje.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.10.2011