Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Kristoffer Olavius Strømme

(1834–1913) frå Ørskog, busett i Selje. Prest og politikar.

Hadde vore sokneprest i Kautokeino, Talvik og Herøy før han vart sokneprest i Selje 1883–1911. Frå 1890 var han prost i Nordfjord. Han vart ordførar i Selje, og møtte for Høgre som vararepr. på Stortinget 1892-1894, og 1898-1900 som fast representant for Høgre.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 13.03.2008