Hopp til innhold
X
Innhald

Mannseidet vart hovudvegen

Den gamle vegen over Mannseidet er framleis godt synleg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den gamle vegen over Mannseidet er framleis godt synleg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I rota på den to mil lange Stadhalvøya ligg Mannseidet - 240 meter o.h. I dansketida var det Mannseidet som vart nytta som fjellovergang når embetsmenn og geistlege ferdast langs kysten.

Etter gamal norsk rett hadde bøndene plikt til å skysse kongen sine tenestemenn. Seinare vart ordninga utvida til adelsmenn og geistlege og deira familiar. På skyssruta langs norskekysten og inn fjordane vart det nytta robåt, i dalføra og over fjella ridehest eller karjol.

Skyssplikta vart organisert gjennom sksysstasjonar, der skyss-skaffaren t.d. sytte føre å halde robåt og kalle inn roarar når storfolket var på reise. Bøndene måtte leggje bort anna arbeid når dei måtte stille som skysskarar. Difor var skyssplikta ei av dei mest forhatte pliktene som kvilde på vanlege folk i gamal tid. Skyssplikta vart ikkje oppheva før i 1816.

Måtte syte for kost og losji

Ved Mannseidet låg skysstasjonen på vestsida på Eide i Moldefjorden, på austsida på Einevoll ved Kjødepollen. Skysstasjonshaldarane hadde også plikt til å syte for losji og mat til dei reisande.

Skysskifte på Salt

Frå Eide gjekk det også ei postrute innover mot Nordfjord over Berstadeidet, gjennom Rimstaddalen og til Bryggja. Også på garden Salt, sør for utløpet til Moldefjorden, var det i gamal tid eit skysskifte på ruta som gjekk vidare sørover mot Sørpollen. Derfrå kunne dei reisande gå over Almenningsfjellet til Almenning og sidan verte rodde over Nordfjorden til ein skysstasjon i Rugsund. Salt var i gamal tid tingstad for Stad skipreide.

Tre dansk-norske kongar reiste over Mannseidet:

Kong Christian V i 1685, kong Fredrik IV i 1704 og kong Christian VI i 1733. På den siste kongeferda overnatta det store kongefylgjet hjå Selje-presten Søren Madsen. I kongefylgjet på 150 personar var også dronninga Sofie Magdalena og mora hennar. På Mannseidet hadde bygdefolket på førehand utbetra ridevegen før fylgjet kom.

Turen over Mannseidet er skildra i ein gravyr på eit minnestaup som kongen fekk laga etter Noregsreisa. Som takk for oppvartinga, fekk Selje-presten kongebrev på at han skulle få kyrkja sin part av fisketienda - dvs. avgiftene som folk måtte betale av fisket. Frå Selje drog kongefylgjet vidare til Eid.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.04.2010