Hopp til innhold
X
Innhald

Maren Sørensdotter Friis

Maren Sørensdotter Friis (1610–1677) er kjend som prestefrua som «sleit ut» fire sokneprestar som ektemenn!

Ho kom til Selje i 1630 som gift med presten Isak Jørgensson. Då han døydde 1647, gifta ho seg med Jakob Studt (sjå Kjende personar i Selje). Og då han døydde, gifta neste prest i Selje seg med Maren. Då ektemake nummer tre døydde , gifta ho seg prest nr. 4, Nils Hansson Bugge. Då også denne døydde etter kort tid, ynskte Maren å gifte seg med den neste presten som kom til Selje, Peder Nilsson Harboe (1635-1703). Då var ho 60, og presten 33 år gamal!

Då det ikkje vart ekteskap med den fjerde Selje-presten, vart Maren så arg at ho sette eld på arkivet i prestegarden! Arkiva etter Selje kloster skal ha gått med i denne brannen.

Det var Maren som var drivande kraft då Selje-kyrkja vart flytta frå Seljeøya til fastlandet 1654. Presten som sa «nei» til Maren, gifta seg 2 gonger og fekk 28 born!

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 13.03.2008