Hopp til innhold
X
Innhald

Moloar

Moloen på Drage Foto: Ottar Starheim, NRK.

Moloen på Drage Foto: Ottar Starheim, NRK.

Moloar som kunne skape hamn for fiskeflåten og ly mot storhavet, var ofte avgjerande for om utværa langs norskekysten kunne overleve.
Difor var det vanleg, heilt opp på 1970-talet, at kystbygdene i Sogn og Fjordane prioriterte skikkeleg hamn og molo framføre vegsamband. Omlegginga av fiskeflåten til større båtar, og mindre lønsemd og leveringsvanskar for kystfiske med småbåtar, har gjort at krav om molo og hamneutbygging i einbølte fiskevær har stilna bort.

Første større moloen i Selje vart bygd på Drage i 1890, for Drage var m.a. nordlegaste rutestopp for Fylkesbaatane frå 1893. Ervik fekk molo 1901, Eltvik 1909, Hoddevik 1925, Barmen 1935, Fure 1955.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.03.2010