Hopp til innhold
X
Innhald

Motstand mot jordmor

I 1810 kom dei første pålegga om å få tilsett distriktsjordmødre, men ingen stader i Sogn og Fjordane var det seigare motstand mot denne ordninga enn i Selje kommune.

Futen freista første gongen å få kommunen til å tilsetje jordmor i 1826, men både dette og eit nytt framlegg i 1838 frå distriktslegen for Nordfjord fall. I 1853 kravde amtmannen at Selje kommune skipa jordmorstilling, men framlegget vart avvist med åtte mot fem røyster i kommunestyret.

Amtmannen vart retteleg arg for svaret og truga med straffereaksjonar. Dette fekk kommunen til å bøye av og tilsetje Samuline Jensdotter Sild som første jordmora i 1858, etter at ho først hadde gått på jordmorkurs i Oslo. Men like etter døydde Samuline, og den første jordmora, Oline Olsdotter Ytreeide, kom først i effektivt arbeid i 1859.

I 1870 fekk Stadlandet si eiga jordmorstilling. Ein viktig tilleggsfunksjon for dei første jordmødrene, var å hjelpe til med vaksinasjon. Alt i 1839 fastsette Selje kommune 18 vaksinasjonsstader kringom i kommunen for vaksinasjon mot koppar. Før jordmødrene kom i funksjon, var vaksinasjon ei oppgåve for distriktslegane og spesielt autoriserte vaksinatørar som hadde fått litt opplæring m.a. i reinsemd.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 03.02.2009