Hopp til innhold
X
Innhald

Myrmannsvesenet i Selje

Sofus Arctander.

Sofus Arctander.

«Myrmannsvesenet» vart eit omgrep som oppsto frå 1876 kring striden om røysteretten i Noreg. Nokre karar i Namdalen fann eit smotthol i lova: Ved å kjøpe seg «skrapejord» – t.d. myrar, fekk dei borgarleg røysterett som «jordeigarar».

På Hanekamben i Selje var seinare statsråd Sofus Arctander (då huslærar på Nordfjordeid) tidlegare ute. Han kjøpte øydegarden Hanekamben i 1867, og saman med fem andre som han selde parsellar til, fekk Arctander røysterett i 1870!

Fleire av kameratane som Arctander skaffa røysterett på denne måten, vart seinare framståande vitskapsfolk, legar og statsrådar! Alle var «myrmenn» på Hanekamben i Selje!

Også på ein øydegard mellom Måløy og Raudeberg og på Myklebust på Nordfjordeid kjøpte myrmennene jord. På Nordfjordeid heiter jordstykket Stemmerettshaugen den dag i dag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.09.2011