Hopp til innhold
X
Innhald

Nedgangstider og kommunal krise

Selje ca. 1930.

Selje ca. 1930.

I nedgangstidene kring 1930 var Selje kommune ein av dei kommunane i Sogn og Fjordane som fekk dei største vanskane.

I jobbetida under 1. verdskrig var det stor optimisme på kysten: Fisket var godt, omsetninga gjekk strykande, og mange investerte tungt i nye fiskebåtar og utstyr. Men så sette dyrtid og krisa inn på 1920-talet. I tillegg svikta torskefisket, og mange måtte gå frå både gard og fiskebruk. Særleg ille vart det for mange som tapte pengar då Ulvesund Kreditbank og den vesle Stadtlandets Privatbank (sjå denne under Industri og næring i Selje) som Gabriel Reed hadde starta, gjekk konkurs. Selje kommune hadde budsjettert alfor optimistisk, og drog på seg enorm gjeld.

For å retta opp skuta, freista kommunestyret i 1928 å få likna ut ein inntektsskatt på 26 prosent, men departementet tvinga kommunen til å setje skatteprosenten ned til 21. I 1929 fekk kommunen berre inn halvparten av den skatten som ein hadde budsjettert med.

Ordførar og prest vart sende til Kommunalbanken i Oslo for å be om hjelp ut av krisa, og i 1938 fekk kommunen akkord, og slapp så vidt i bli sett under administrasjon av Staten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 30.07.2010