Hopp til innhold
X
Innhald

Nikolai Myklebust

Nikolai Myklebust (1919-1986) frå Barmen. Fiskar, småbrukar og organisasjonsmann. Han sat som styreformann i Sogn og Fjordane Fiskesalslag (no Vestnorges Fiskesalslag) i 23 år.

Styremedlem i fylkesfiskarlaget og i fleire statlege fiskeriutval. Far til Nils Myklebust f. 1952, som frå 2000 er formann i Sogn og Fjordane Fiskarlag.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 1986.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 23.03.2010