Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Rønneberg

starta gjesteheim og landhandel i Selje 1839,etter at han selde Handelsstaden Osmundsvåg.

Truleg dreiv han som kjøpmann og gjestgjevar på garden Nedre Berge til han døydde i 1857. Rønneberg var også aktiv i lokalpolitikken som varaordførar i det første formannskapet i Selje frå 1837.

Mange som seinare starta eigen handel, gjekk i lære på krambuene til Rønneberg. Ein av desse var Rasmus D. Halvorsen frå Haugen i Eid som slo seg stort opp som handelsmann, dampskipsekspeditør og fisketilvirkar i Vågsvåg og på Stårheim. Les meir i biografien om Nils Eliasson Rønneberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2008