Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Sætren

Forretninga og bensinstasjonen til Nils Sætren. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretninga og bensinstasjonen til Nils Sætren. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nils Sætren starta elektroforretning i Selje i 1955 med namnet Selje Elektro. I 1960 bygde han nytt forretningsbygg ved Prestevågen, og starta samstundes bensinstasjon. Bygget vart utvida i 1980 og i 1992, og fekk då eit tilbygg med bilverkstad. På toppen av dette bygget sette Sætren opp tre utleigehytter. Samstundes vart elektrodelen lagd ned.

Dottera Nina Sætren Hamre og ektemaken Roger Hamre starta i 1986 Selje Auto. Dei leigde i starten lokale av Nils Sætren og dreiv bensinstasjonen og bilverkstaden vidare. Seinare kjøpte dei føreste etasje i forretningsbygget. Nils Sætren heldt fram med elektroverkstad og utleigehytter.

I bensinstasjonen vart matvarer etter kvart ein del av omsetninga, og i 2011 opna Nina Sætren Hamre og Roger Hamre ein fullverdig matvarebutikk og knytte seg til matvarekjeda Bunnpris. Men dei heldt fram med sal av drivstoff og bilverkstad, i tillegg til gatekjøkken og dekkhotell.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 21.09.2011