Hopp til innhold
X
Innhald

Ny riksveg utan fjellkryssing i 1966

Frå vegen mellom Almenning og Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frå vegen mellom Almenning og Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjølv om folk i Selje kunne kome seg inn på riksvegnettet via Åheim, var det om vinteren ofte ruskete å ta seg over verharde fjellovergangar. Dette skapte store problem for industrien i Selje, ikkje minst for Drageset-familien sine skjorte- og plastbåtfabrikkar når dei skulle austover med varer.

Så tidleg som i 1891 kom dei første tankane om vegsamband mellom Måløy og Selje opp, då folket i Pollane i Selje søkte om at vegen frå Deknepollen ved Måløy og nordover til Salt ved Moldefjorden vart stukken. Ein slik veg ville gje vegutløysing for bygdene Sørpollen, Flatraket, Nordpollen, Kvernevik, Vetrhus, Flister og Rundereim. Men då fylket i 1894 ville vite kvar ein skulle hente pengane til eit så storfelt vegprosjekt frå, stilna vegkravet av.

Det enda med at ein bygde vegen frå begge endar – bit for bit: Skikkeleg køyreveg fra Seljevågen til Eide var ferdig i 1895.

Arbeidet med ny riksveg frå Almenningsfjellet i Vågsøy og nordover ”pollane” til Selje starta i 1951. Flatraket fekk vegutløysing mot Almenning/Måløy kring 1961.

Men sjølv om det vart bygt både frå sør og nord, gjekk det 15 år frå starten i 1951 før heile vegsambandet frå Almenningsfjellet i Vågsøy til Selje vart opna i 1966. Dermed kunne seljeværingane endeleg få oppfylt draumen om eit trygt vegsamband mot omverda langs stranda, i staden for å vere prisgjevne vergudane sine lune over stormfulle fjellpass.

På riksveg 618 Almenningsfjellet-Selje finn vi ein tunnel, Gangeskartunnelen, på 80 meter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.04.2010