Hopp til innhold
X
Innhald

Ny riksveg utan fjellkryssing i 1967

Framleis var det slik at Selje var avhengig av ein verhard fjellovergang på Mannseidet for å nå inn på riksvegnettet.

Dette skapte store problem for industrien i Selje – ikkje minst for Drageset-familien sine skjorte- og plastbåtfabrikkar når dei skulle austover med varer. Så tidleg som i 1891 kom dei første tankane om vegsamband mellom Måløy og Selje opp, då folket i Pollane i Selje søkte om at vegen frå Deknepollen ved Måløy og nordover til Salt ved Moldefjorden vart stukken.

Ein slik veg ville gje vegutløysing for bygdene Sørpollen, Flatraket, Nordpollen, Kvernevik, Vetrhus, Flister og Rundereim. Men då fylket i 1894 ville vite kvar ein skulle hent pengane til eit så storfelt vegprosjekt frå, stilna vegkravet av.

Det var først i 1967 at riksveg 618 Almenningsfjellet–Selje vart opna, og seljeværingane fekk oppfylt draumen om eit trygt vegsamband mot omverda langs stranda, i staden for å vere prisgjevne vergudane sine luner på stormfulle fjellpass.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 13.05.2008