Hopp til innhold
X
Innhald

Oddgeir Kvernevik

Kvernevik AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kvernevik AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oddgeir Kvernevik frå Kvernevik starta som maskinentreprenør i 1978. Han driv i dag eit firma med 15 maskineiningar og har eige servicebygg i Kvernevik. Kvernevik-familien driv også eigedomsinvesteringar gjennom Kvernevik Invest AS, og driv også Vestkapphuset på utsiktpunktet Kjerringa på Stadlandet. I sommarhalvåret sysselset Kvernevik sine firma kring 15 personar.

I 2007 skifta firmaet namn til Kvernevik AS. I 2014 er det 11 tilsette, og selskapet eig sju gravemaskinar, to lastebilar, ein dumper, borerigg, knuseverk og sikteverk.

Ramponert av "Dagmar"

Under uveret ”Dagmar” i romjula 2011 vart Vestkapphuset sterkt ramponert av vinden, mellom anna vart dei fleste vindauga knuste. Det gjorde at det måtte halde stengt somrane 2012, 2013 og 2014. Det er planar om at delar av huset skal vere oppattbygt til sommaren 2015.

Slik såg det ut etter at Dagmar hadde herja andre juledag 2011. Foto: Oddgeir Kvernevik.

Slik såg det ut etter at Dagmar hadde herja andre juledag 2011. Foto: Oddgeir Kvernevik.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 02.04.2014