Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Sølvberg

Selje ca.1930. Nabben til venstre i biletet. Postkort, ukjend fotograf.

Selje ca.1930. Nabben til venstre i biletet. Postkort, ukjend fotograf.

Ola Sølvberg starta landhandel på Nabben i Selje kring 1. verdskrig. Dottera Anna Sølvberg gifta seg med presten Olaf Roset. Dette paret overtok Sølvberg-butikken og dreiv den til ut på 1960-talet. I tillegg var Olaf Roset vikarlærar i kommunen.

Før det vart vanleg med mjølkeruter, var det denne butikken som tok imot gardssmør frå produsentane ute i øyane og på strendene. Rommet som vart nytta til innveging av smøret, vart kalla ”smørstova”.

Olaf Roset dreiv i tillegg eit taremottak i ”Rosetbuda” på vestsida av Prestevågen.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 08.02.2010