Hopp til innhold
X
Innhald

Olav 1. Tryggvason

Olav 1. Tryggvason (968–1000), konge i Noreg 995–1000.

Etter sagatradisjonen var Olav sonesons son til Harald Hårfagre

Olav Tryggvason bygde i 996 det som truleg var den første kyrkja i Noreg på Moster i Sunnhordland, og omlag samstundes ei kyrkje på Seljeøya. Han var etter segna sjølv på Seljeøya og fann «heilage bein» etter St. Sunniva. 

I 997 samla Olav Tryggvason bønder frå Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Romsdal på Dragseidet, der dei vart tvangs-kristna ( sjå Dragseidet som tjodveg).

Etter det ein kjenner til gav Olav Tryggvason ut Noregs første mynt. Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty, kjelde: © 2017 Kulturhistorisk museum, UiO på unimus.no CC BY-SA 4.0 (museumsnr. NMH00001).

Etter det ein kjenner til gav Olav Tryggvason ut Noregs første mynt. Foto: Lill-Ann Chepstow-Lusty, kjelde: © 2017 Kulturhistorisk museum, UiO på unimus.no CC BY-SA 4.0 (museumsnr. NMH00001).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.06.2017