Hopp til innhold
X
Innhald

Paul Berstad

Berstad var ei av dei viktigaste kjeldene i Nordfjord for folk som samla gamle folkeviser.

Paul Berstad (1908-1993) frå Selje. Bonde og folkevisesongar. Han tok vare på dei gamle folkevisene og sangmåten som han hadde lært av eldre i slekta.

Berstad var ei av dei viktigaste kjeldene i Nordfjord for folk som samla gamle folkeviser.

Han fekk den første utdelte Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane i 1986.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2010