Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Gottfriedsson

Peder Gottfriedsson (ca. 1500-1560) Sokneprest i Selje. I 1536 gjekk Gottfriedsson med den reformatoriske danskekongen Christian III i striden mot den siste katolske erkebispen i Noreg, Olav Engelbrektsson. I den væpna konflikten mellom erkebispen og kongen fekk Selje-presten sendt melding til Bergen om at Kristoffer Rustung, som var hærførar for bispen, var på veg sørover for å ta Bergenhus festning. Dette gjorde at Bergenhus-kommandanten Thor Røed fekk tid til å verje seg slik at Rustung tapte slaget. Peder Gottfriedsson konverterte like etter til den lutherske læra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.12.2009