Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Harboe Clausson Frimann

Peder Harboe Clausson Frimann (1782–1843) frå Selje, busett på Davik. Jordeigar.

Som son til den rike diktarpresten Claus Frimann hadde Peder eit stort «medgifte» i jordegods då han gifta seg med Marthe Margrethe Olsdatter Tonning fødd ca. 1780. Ho på si side var dotter til den rike handelsborgaren Ole Tonning i Stryn, og med dette ekteskapet vart paret eitt av dei rikaste på jordegods på heile Vestlandet, vert det sagt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 02.07.2010