Hopp til innhold
X
Innhald

Per Stave A/S

Per Stave A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Per Stave A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Per Stave A/S på Stadlandet er den største fiskeforedlingsverksemda i Selje kommune ved sida av Domstein-konsernet sitt anlegg i Moldefjorden.

Per Stave starta verksemd i 1975 i ei sjøbu på 200 kvadratmeter. I dag tel anlegget 3500 kvadratmeter golvflate. Hovudproduktet er tørrfisk, i hovudsak lange som går til Sverige og Finland som råstoff for lutefisk. Per Stave A/S produserer også lutefisk sjølve for den norske marknaden.

I 1995 overtok sonen Rune Stave drifta.

I 1999 bygde Stave nytt og stort tørkeri, og i 2006 vart det reist eit nybygg på 1000 kvadratmeter. Anlegget har 500 kvadratmeter kjølerom og 500 kvadratmeter fryserom. Verksemda har11 tilsette og hadde i 2007 ei omsetning på 31 millionar kroner.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 04.01.2010