Hopp til innhold
X
Innhald

P.I. Hove

Forretningsbygget som P.I. Hove reiste på Nabben. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som P.I. Hove reiste på Nabben. Foto: Ottar Starheim, NRK.

P.I. Hove var i mange år ei dominerande forretning ved dampskipskaia på Nabben i Selje. Denne forretningsfamilien hadde i mange år både dampskipsekspedisjonen og postkontoret i tillegg til landhandelen.

Opphaveleg var denne handelsverksemda starta av Laurits Olaus Halvorsen (1847-1909), truleg ein gong på 1870-talet. Han var frå Ålesund. Laurits Olaus Halvorsen bygde skikkeleg dampskipskai på nordsida av Prestevågen i 1892.

Sersjant Peter Ingebrigtsson Hove (f. 1880) var fødd i Bø i Vesterålen. Han gifta seg med ei dotter til Halvorsen, Ingeborg. Ekteparet Hove dreiv ein gard på Reset før dei tok over forretninga på Nabben. Dette skjedde truleg i 1909, for same året vart P.I. Hove tilsett som dampskipsekspeditør.

Kring 1920 bygde P.I. Hove eit stort, kombinert og bustad- og forretningshus oppe i bakken like ved kaia, og dette huset står framleis. I dette huset var det dampskipsekspedisjon og postkontor.

Sonen Magnus Hove (1916-1947) tok i 1940 over forretninga og postkontoret, medan den yngste broren, Egil Hove, fekk ansvaret for dampskipsekspedisjonen. Seinare vart Arnbjørn Bruland dampskipsekspeditør.

Postkontoret dreiv Peder I. Hove frå 1909 til 1930, då dottera Lilly tok over som poststyrar fram til 1940, då broren Magnus Hove overtok. I eit par år etter at Magnus Hove døydde i 1947 var postkontoret drive med vikarar, fram til Johan K. Berstad overtok som poststyrar i 1949 og flytta postkontoret til eit lite bygg som han reiste litt lengre aust på Nabben.

P.I. Hove la ned landhandelen i 1930, og lokala vart på 1930-talet overtekne av Bergljot Solheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.07.2013