Hopp til innhold
X
Innhald

Post i Selje

I 2009 blir all post i Selje formidla gjennom post i butikk-ordningar, som her på Leikanger på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 2009 blir all post i Selje formidla gjennom post i butikk-ordningar, som her på Leikanger på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Postkontora på Eide og i Selje

Garden Eide inst i Moldefjorden fungerte lenge som postsorteringssentral for posttenesta i ytre Nordfjord. Derifrå gjekk det ei viktig postrute over fjellet til Bryggja og innover Nordfjord. Først i 1874 vart postopneriet flytta ut til kommunesenteret i Selje.

Selløe

– sjå Postkontora på Eide og i Selje.

Selø

– sjå Postkontora på Eide og i Selje.

Stadlandet

fekk postopneri på Leikanger i 1876 med gardbrukar Valdemar M. Sande som første styrar. Fram til 1921 stod det Statlandet på poststempelet. I 1973 vart det underpostkontor og i 1977 postkontor C.

Statlandet

– sjå Stadlandet.

Årsheim

fekk status som såkalla postutvekslingsstad i 1884. I 1892 vart denne ”vekslingsstaden” omgjort til postopneri med Kristen Olsen Sandvig som første styrar. Fram til då hadde adressa vore Sandvig, men no vart det Aarseim. Namnet vart endra til Aarsheim i 1907 og til Årsheim i 1917. Det vart underpostkontor i 1973, postkontor C i 1977 og nedlagt i 1991.

Sandvig

– sjå Årsheim.

Aarseim

– sjå Årsheim.

Barmsund

fekk postopneri i 1892 då det tidlegare postopneriet i Osmundvåg, opna i 1877, vart flytta nordover til dampskipkaia i Sandvik. Der vart gardbrukar og dampskipsekspeditør Rasmus Pedersen Sandvik første styrar. Postopneriet i Barmsund vart lagt ned i 1970 og innordna under Flatraket.

Drage

fekk postopneri i 1893 med Mons E. Drage som første styrar. Postopneriet vart lagt ned i 1972 og innordna under Stadlandet.

Ytre Stadlandet

fekk postopneri på Refsnes i 1898 med lærar Daniel Berstad som første styrar. Fram til 1921 stod det Ytre Statlandet på poststempelet. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C. Det vart lagt ned i 1994 og innordna under Stadlandet.

Ytre Statlandet

– sjå Ytre Stadlandet.

Flatraket

fekk postopneri i 1910 med lærar K.L. Runderseim som første styrar. I 1973 fekk det status som underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1998.

Vetrhus

fekk brevhus i 1929. Det vart omgjort til postopneri i 1957 med Ingvald kristoffer Vederhus som styrar. Kontoret vart lagt ned i 1970 og innordna under Flatraket.

Nordstrand

fekk brevhus i 1930. I 1933 vart adressa endra til Fløde. Det vart lagt ned i 1972.

Fløde

– sjå Nordstrand.

Ervik

fekk brevhus i 1934 med adresse Ervikbygda. Det vart lagt ned i 1982.

Ervikbygda

– sjå Ervik.

Stadvågen

fekk postopneri i 1945 med telefonstyrar Sverre R. Honningsvåg som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1982 og innordna under Ytre Stadlandet.

Årvikgrend

fekk brevhus i 1947. Det vart lagt ned i 1982 og innordna under adressa Ytre Stadlandet.

Kjødepollen

fekk brevhus i 1949. Det vart lagt ned i 1983.

Håvik

fekk brevhus i 1955 med adresse Håvik i Nordfjord. Det vart lagt ned i 1977 og innordna under Flatraket.

Barmen

fekk postopneri i 1955 med Hilmar Barmen som første styrar. I 1973 vart det underpostkontor, i 1977 postkontor C, og det vart lagt ned i 1997.

Eltvik

fekk brevhus i 1957. Det vart lagt ned i 1971.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.12.2009