Hopp til innhold
X
Innhald

Postkontora på Eide og i Selje

Eide i Moldefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eide i Moldefjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Garden Eide inst i Moldefjorden fungerte lenge som postsorteringssentral for posttenesta i ytre Nordfjord. Derfrå gjekk det ei viktig postrute over fjellet til Bryggja og innover Nordfjord. Først i 1874 vart postopneriet flytta ut til kommunesenteret i Selje.

Heilt fram til 1830-talet var det berre tre postopneri i Nordfjord: Rebakken i Breim, Kirkhorn i Hornindal og Eide i Selje. Dei to i Breim og Hornindal låg ved den indre postruta; Den trondhjemske Postvei, og postopneriet på Eide låg ved den hovudpostruta som fylgde kysten.

Postsentralen på Eide

Frå 1823 gjekk hovudpostruta på kysten mellom Ålesund og Bergen over Mannseidet mellom garden Eide i Moldefjorden og til garden Einehaugen på Kjøde-sida. På Eide var det postopneri. Etter å ha passert over Mannseidet gjekk posten frå garden Einehaugen ved Kjødepollen vidare nordover gjennom Vanylven og via embetsgardane i Leikanger på Gurskøy til Borgund/Ålesund og Ørskog.

Korrespondanse med indre Nordfjord

”Nordfjordruta” frå Eide gjekk over Berstadeidet til Rimstaddalen og Bryggja. Derfrå vart posten rodd innover til embetsgardane i Nordfjord. I Utvik kommune hadde denne ruta ein korrespondanse med postruta som gjekk nord-sør gjennom innlandsbygdene i Fjordane, langs Den trondhjemske Postvei. Seinare kom det også ei innlandsrute for posten frå Rebakken i Breim og ut til Ryssfjøra, over Hunvikskaret til Hundeide og til sorenskrivargarden på Leikvin/Løkja i Eid. Derfrå gjekk posten vidare til Sunnmøre over Hjelmelandsdalen- Bjørkedalen-Volda. – Les meir om Den trondhjemske Postvei m.a. under kommunane Gloppen, Stryn og Hornindal.

Pilegrims- og postvegen over Berstadeidet

Frå garden Berstad og over Berstadeidet er det framleis tydelege spor etter den gamle postvegen mot Nordfjord: Fleire stadar finn ein steinheller til å gå på, restar etter bruer, og i ein bratt skråbakke er vegen graven inn i bakken med den fastsette breidda som ein offentleg rideveg skulle ha: To alner – d.v.s. 1,26 meter. Også pilegrimar på veg til klosteret på Selja nytta Berstadeidet som ferdsleveg. På 1920-talet gjekk forfattarinna Sigrid Undset denne vegen saman med historieprofessor Francis Bull på ei tur til Selje kloster. Då vegen over Maurstadeidet lengre aust vart opna i 1866, vart postruta nord-sør lagt etter denne vegen, og kontoret på Eide miste sin status som knutepunkt i postgangen. I staden fekk no postruta innover Nordfjord korrespondanse på Einehaugen på Kjødepoll-sida. Denne ruta gjekk då via Åheim og over Maurstadeidet til Bryggja og derfrå med robåt innover Nordfjord heilt til Utvik. Ein legendarisk postførar på 1800-talet var Jakob August Pisani (sjå denne-Vågsøy kommune). Han var ein mann med italiensk opphav som tente som postførar både i Nordfjord og i indre Sogn i mange år.

Postopneriet flytta til Selje

På Eide vart postkontoret liggjande i lang tid, sjølv om garden slett ikkje låg sentralt sett med lokale auge. Grunnen til dette skulle m.a. vere at prost Wilhelm Frimann Koren ikkje ville ha postkontoret flytta til sjølve Selje. Den mektige prost Koren var poststyrar dei første åra, og kunne vel gjere som han ville med slikt. Den tidlegaste signaturen til Koren som poststyrar finn vi på ein såkalla timesetel frå 1833. Først i 1874 vart postkontoret flytta frå Eide til Selje sentrum. Men sjølv om kontoret låg inne på Eide, var adressa på postopneriet ”Selløe”. I 1848 vart dette endra til Selø, og i 1889 til Selje. I 1973 vart statusen på Selje postopneri endra til underpostkontor og i 1977 til postkontor C.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.12.2009