Hopp til innhold
X
Innhald

Radarstasjonen på fjellet Kjerringa

Tyskarane starta tidleg i krigen å eksperimentere med radar, men først i 1942 starta dei utbygging av radaranlegg langs Norskekysten.

Ein av dei første radarane vart bygd på Kråkenes i Vågsøy i 1942, og i 1944 starta arbeidet med eit stort radaranlegg på fjellet Kjerringa på Stadlandet - det fjellet som seinare har vorte kalla Vestkapp. Her vart det sett opp tre radarar - to av typen «Würsburg Riese» og ein av typen «Wassermann».

Overvaking og navigasjon

Anlegget skulle brukast både til overvaking og til navigasjon for eigne jagarfly. Aksjonsradius for anlegget var 350 kilometer. På fjellet stod også ei brakke som inneheldt radio- og peileutstyr av ymse slag. Ein radio- og peilestasjon var knytt til ei 52 meter høg mast som kunne operere i ein radius på 300 kilometer.

Anlegga uskadde

Etter freden den 8. mai 1945 var anlegga på Kjerringa uskadde. Først den 13. juni 1945 vart kaptein Dagfinn Årdal frå Breim send til Kjerringa for å overta kommandoen over dei store radaranlegga frå den tyske kommandanten løytnant Karl Otto Gøtz.

Tyskarane hadde såleis den formelle kommandoen over anlegget i over ein månad etter kapitulasjonen. Anlegga vart ei kort tid nytta av det norske forsvaret før dei vart demonterte og fjerna.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.02.2009