Hopp til innhold
X
Innhald

Ragnvald frå Ervik

Ragnvald frå Ervik (slutten av 900-talet) frå Ervik på Stad. Lokal hovding.

Deltok 986 med ein hær i slaget i Hjørungavåg på Sunnmøre, der Håkon Sigurdsson Ladejarl sigra mot jomsvikingane. Ladejarlen var først i allianse med danskekongen Harald Blåtann. Dei vart seinare uvener, og sonen til Harald Blåtann, Svend Tveskæg, sende jomsvikingane nordover for å drepe Håkon jarl. Jarlen samla då skip frå Fjordane i sør til Hålogaland i nord til slaget i Hjørungavåg. Sagaen fortel at Ragnvald frå Ervik saman med to andre stormenn kontrollerte ein av flankane med til saman 60 skip, og Håkon jarl gjekk sigrande ut av slaget.

Håkon jarl var mannen som etter segna reiste til Seljeøya for å drepe dei heilage der. I staden for å bli drepne av jarlen, gøymde dei seg etter segna i Sunnivahola, som rasa igjen og gravla Sunniva og dei andre levande. Håkon vart snikdrepen av trælen Kark under eit bondeopprør i Gauldal.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 26.03.2008