Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus Djupedal

Åhjemsbuda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Åhjemsbuda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rasmus Djupedal starta landhandel i Djupedalen i Selje i 1896.

Anders Bjørkelo kom seinare inn som kompanjong. Nokre år seinare flytta dei handelen til Nabben, der dei bygde ei stor sjøbu som seinare er kjend som Åhjemsbuda. Her dreiv dei to fiskemottak og landhandel. Kring 1908 vart det i tillegg til sjøbuda bygd eit kombinert forretnings- og bustadhus like aust for buda.

Då Djupedal omkom i ei ulukke i 1947, kjøpte Lars Eltvik butikken. Eltvik hadde m.a. lagt seg opp pengar som gullgravar i Alaska i mellomkrigstida. Ektemaken Petra f. Stokkevåg (1898–1974) dreiv telefonstasjonen i bygda og gjorde ein stor innsats som etterretningsagent og rapportør under 2. verdskrig.

Dottera til Lars og Petra, Liv, tok saman med ektemaken Lars Åhjem over butikken i 1952 og dreiv den under namnet Eltvik & Åhjem eftf. I 1981 overtok den 18 år gamle sonen Ståle Åhjem butikken. Han utvida med tilbygg i 2006, men dårleg lønssemd gjorde at han la ned daglegvarebutikken i 2009.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 05.03.2010