Hopp til innhold
X
Innhald

Reidar Djupedal

Reidar Djupedal (1921-1989), fødd i Oslo, oppvaksen i Selje. Professor i nordisk språk og litteratur og samlar av folketonar og folkeminne.

Har gjeve ut mange fagbøker, også bøker om klosteret på Seljeøya. Ivar Aasen-ekspert. Gav 12.000 bøker til det som no er Ivar Aasen-senteret i Ørsta.

Far til forleggjar Torkjell Djupedal og Øystein Djupedal som er stortingsrepresentant for SV i Sør-Trøndelag og kunnskapsminister i regjeringa til Jens Stoltenberg frå 2005 til 2007.

I 2010 gav Selja Forlag ut ei bok med tekstar av Reidar Djupedal - "Gamle Selje", redigert av Ove Eide.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.11.2011