Hopp til innhold
X
Innhald

Restaurering og utgraving på Selja

Klosterruinane før tårnet var ferdig restaurert. Foto: Isak I. Hellebust. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Klosterruinane før tårnet var ferdig restaurert. Foto: Isak I. Hellebust. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Restaurering av Selje kloster og utgravingar gjekk føre seg bolkevis frå 1867 (kaptein Carl Otto Krefting).

Dei fann då m.a. ein messehakel frå 1200-talet. Peter Andreas Blix leia reparasjonsarbeid i 1885, Johan Meyer i 1891. (Krefting er omtala under Kjende personar i Selje fødde år 1700-1900.)

I 1909 vart Sunniva-kyrkja under hellaren vølt av Kr. Rivertz. Egil Reimers restaurerte klostertårnet i 1913. Det største restaureringsarbeidet vart leia av Cato Enger 1935-1940, og arbeidsstyrken var for det meste arbeidslaus ungdom.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 10.02.2010