Hopp til innhold
X
Innhald

Rovdyrsoger frå Selje

Ulven var i gamle dagar til stor plage for husdyrhaldet heilt ut til dei ytste kyststroka – slik også i Selje. Under Bremanger kommune kan du lese om korleis det vart sett opp eit snøre over halvøya mellom Vingen og Gulafjordane for å hindre ulven i å kome lenger vest. Det same vart også gjort frå Stårheim til Steinsvik ved Dalsfjorden.

Den same metoden vart også prøvd i Selje: Kvart år stilte kvar gard med ein mann og prestegarden med to menn for å laga manngard tvers over Stadhalvøya. Med skrik og skrål og skyting jaga dei ulven vestafrå og mot Mannseidet. Der strekte dei opp eit sperregjerde tvers over heile eidet frå fjorden i Kjøde til Moldefjorden ved Eide før dei våga å sleppe husdyra sine til fjells. Også folket i Vanylven gjekk manngard og jaga austover, og sette opp ulvegjerde på Syvdseidet.

I oppteikningar som vart gjorde i presteslekta Koren vert det fortalt at ulven var ei plage i kommunen heilt fram til sluten av 1800-talet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 16.03.2010