Hopp til innhold
X
Innhald

Rundereim Rorbu og Hytter

Rundereim Rorbu og Hytter AS. Foto:  Ottar Starheim, NRK.

Rundereim Rorbu og Hytter AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rundereim Rorbu og Hytter vart starta på Rundereim i 1984 av dei fire brørne Bjarne, Harald, Håkon og Terje Rundereim. Då bygde dei om ei sjøbu som vart nytta i samband med drifta av linebåten ”Røyrbuen” som brørne selde i 2001. Herifrå driv dei også utleige av båtar til fisketuristar.

I åra frå 1990 til 1995 utvida Bjarne Rundereim ferieanlegget med fem hytter. I 2000 skipa han selskapet Rundereim Hytter AS og bygde eit nytt hus litt lengre nord i bygda der det er fem feriehusvære. Ferieanlegga til Rundereim-familien har til saman overnattingsplass til 78 personar.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 23.03.2010