Hopp til innhold
X
Innhald

Russiske krigsfangar og skrekkleir i Ervik

Russarleiren i Ervika.

Russarleiren i Ervika.

Tyskarane nytta russiske krigsfangar til å byggje dei store festningsverka på fjellet Hovden ved Ervik.

Fangeleiren var rigga til nede i bygda og husa 120 krigsfangar. Her vart dei utsette for svolt og tortur av ein sadistisk kommandant. Eit par av fangane vart skotne under transporten frå Leikanger til Ervik, og fangar som freista å røme vart fanga og dregne bakbundne etter hestekjerra utover mot leiren til dei stupte og døydde av utmatting.

Faksimile av artikkel i Fjordenes Tidende 3. september 1945.

Faksimile av artikkel i Fjordenes Tidende 3. september 1945.

Rømde, men oppsøkte feil gard

Spesielt dramatisk var det då to polske fangar greidde å stikke seg bort under ei bru i Morkadalen under marsjen ut mot fangeleiren i Ervik. Dei rømde innover Stadhalvøya og søkte kontakt med folk på ein gard på Eide i Moldefjorden. Men mannen på garden var NS-mann og ringde for å varsle tyskarane om rømlingane. Denne meldinga vart fanga opp av telefondama Petra Ervik i Selje som fekk varsla folk i Kjødepollen om kva som var i ferd med å skje på Eide. Dei sette til fots over Mannseidet mot Eide. Men tyskarane kom dei i forkjøpet, drog dei to polakkane ut på tunet og skaut dei på staden.

Drakk ukokt tran

Bygdefolket fortel at fangane i leiren var så utmagra at dei drakk «lyse» - dvs. ukokt tran som vart nytta til å smørje lunnane i båtstøa med - for å overleve.

32 fangar omkom i leiren, og mange vart berre i all hast gravne ned i sjøsanden i Ervik, der bygdefolket kunne finne lika drivande i sjøkanten. Restar av fangeleiren kan enno sjåast på vegen mot hamna i Ervik. Etter krigen vart ei massegrav med 21 russiske fangar graven opp og levningane flytta til gravplassen i bygda., der dei fekk ei jordfesting med prest og mykje folk til stades. Ein trekross som vart reist på denne grava er seinare flytta til eit eige rom ved minnekapellet i Ervik.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 06.04.2010