Hopp til innhold
X
Innhald

Sara Cold Frimann

Sara Cold Frimann (1714–1800), prestefrue i Selje, er skildra i H.I. Birch si bok «Galleri af berømte fruentimmer» (1793).

Ho var gift med Peter Harboe Frimann (1713-1759), og mor til diktarpresten Claus Frimann og Peter Harboe Frimann (1752-1839).

Sara Cold Frimann hadde eigne notbruk, og dreiv kurs i ulikt kvinnearbeid for jenter i Selje, og tok også imot og pleia sjuke. Ho skreiv også dikt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.03.2008