Hopp til innhold
X
Innhald

Segner frå Selje

Fleire av segnene er knytte til Selja og Selje kloster. Foto: Olav Kvaale, eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Fleire av segnene er knytte til Selja og Selje kloster. Foto: Olav Kvaale, eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Her er eit lite utval av segner frå Selje, samla av Emil J. Djupedal.

Skatten på Seljeøya

På sørsida av klosterøya skal einkvan ha grave ned ein stor gullskatt. Denne er vakta av ein drake. Folket har sett glimet av gullskatten når draken har lea på seg og sett opp portane til hola. Mange har grave etter gullskatten, men ingenting er funne.

Munkeskatten sokk til botnar

Ei segn fortel om ein røvar som røva og brende klosteret på Seljeøya. Munkane fekk berga unna dei mest verdfulle gjenstandane i ein bryggekjele som dei rodde ut i Skorfjorden og søkkte ned. Men reipet som skulle vise kvar kjelen låg, slitna, og méd tok dei heller ikkje. Framleis står kjelen med alt gullet og sølvet ein stad på havbotnen. Ei liknande soge gjeld kyrkjeklokka frå klosteret: Reipet rauk, og klokka vart borte i havet. Men i grov sjø kan ein høyre at ho rører på seg og kimar der nede i djupet.

Kongen ville byggje by i Selje

Ein konge skulle etter segna ha planar om å grunnleggje ein by i Selje. Men då han segla inn Saltasundet, grunnstøytte skipet på Reidabodane. Dette gjorde at kongen gav opp byplanane i Selje og grunnla Bergen i staden.

Dronningbekken

Ein gong danskekongen kom til Selje, hadde han med seg dronninga og eit stort fylgje. Kongen og dronninga vart borne i berestolar over Mannseidet, for rundt Stad ville dei ikkje. I prestegarden heldt storfolket eit kalas så gjevt og overdådig at folket etterpå fortalde at det rann smør ut frå gjestebodshuset. Kongen og dronninga tok ein spasertur framover til ein stad som heiter Reinene. Der dei sette seg og kvilde, og der heiter det framleis Herremannssetet. Ved Åreelva ville dronnings sløkkje tørsten. Ein av drengane tok hatten sin og fyllte der med vatn som han gav dronninga. Sidan har bekken vorte kalla Dronningbekken.

Då kyrkja vart flytta

Gamlekyrkja i Selje låg på Seljeøya. Dette var tungvindt for dei fleste, og ein gong kom det bort mykje folk då dei havarerte på veg til kyrkja. Seljeværingane reiv kyrkja for å flytte den til Hagevolla på fastlandet. Tømmeret låg lasta på ei jekt ved prestenausta. Men om natta fekk prestefrua Maren Sørensdotter ein dreng til å løyse fortøyningane slik at jekta rak over til nordsida av Seljesanden. Då folk vakna og såg at jekta med kyrkjetømmeret hadde flytta på seg, såg dei det som ei Guds styring. Slik vart det at kyrkja vart bygd der dagens Selje-kyrkje står i dag.

Feigdarfuglen

Feigd er eit gamalt ord for tidleg død. I gamal overtru i Selje var hubroa ”feigdarfugl” som varsla tidleg død – antan på bufé eller menneske, alt etter kva lyd fuglen sette ut. I gamle dagar hadde folk liggjande likkistebord klar dersom det vart dødsfall på garden. Flytta nokon på likkisteborda, eller det hende at bordstabelen datt ned, varsla det død. Folk meinte òg at det var eit feigdarvarsel dersom ein høyrde at det knaka i husbetane eller i naustveggane. Også såkalla ”nådelys” var eit feigdarvarsel. Dette var eit lys som ein kunne sjå på bringa og nedetter kroppen på folk. Oppdaga ein ”nådeljøs” på folk, varsla det ulukke, og dei måtte vedkomande vakte seg vel og ikkje fare på sjøen, for då kunne han kome bort. Det skjedde med Reidar-gutane. Folk hadde sett nådeljøs på ein av gutane før dei drog på sjøen. Gutane kollsegla sør for Seljeøya. Den eine fann ein hengjande fast i nokre sildegarn. Dei andre var borte.

Trollbatt notatjuven

Torbjørn i Korsnesa hadde den sjeldne evna at han kunne binde tjuvar. Ein gong ville ein kar stele nota hans Torbjørn. Men då tjuven tok i nota, vart han ståande som klumsa. Slik vart tjuven ståande og stire beint framføre heile natta. Då Torbjørn kom ned til naustet morgonen etter, stod tjuven der framleis. - Du kan sleppa nota no, sa Torbjørn, og dermed vart trolldomen broten. Tjuven stakk sin veg. Segna ville ha det til at ein ikkje måtte gjere tjuven noko, for då miste ein evna til å binde tjuvar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.03.2010