Hopp til innhold
X
Innhald

Selantic Industrier A/S

vart skipa av Anders Lien (sjå også Selje Plastindustri under Drageseth-familien grunnla dagens Selje) i 1984. Firmaet hadde stor suksess med produksjon av ei ”redningsstrømpe” i not.

Selantic starta i 1994 eiga avdeling i Søreidgrend på Sotra og flytta produksjonen dit. Dette selskapet skifta seinare namn til Sotra Contracting.

I 2006 vart dei tidlegare produksjonslokala til Selantic i Selje overteke av Ulstein-verksemda Global Enviro International AS .

I 2013 la Global Enviro ned produksjonen i Selje og sa opp dei seks tilsette. Produksjonen vart flytta til best Fishing Gear på Flatraket.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 12.03.2013