Hopp til innhold
X
Innhald

Selje Brannkasse

Gjensidige held til i Myrestand-bygget i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjensidige held til i Myrestand-bygget i Måløy. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje Brannkasse vart skipa i 1895. Dette branntrygdelaget dreiv forsikring i heile dåverande Selje kommune, der Vågsøy var med. Også etter kommunedelinga i 1910 vart det Selje Brannkasse som var den viktigaste ”brannkassa” for Vågsøy. Tidleg på 1900-talet var elles Innvik Branntrygdelag aktive med å sikre seg kundar i ytre Nordfjord, m.a. på fastlandssida i noverande Vågsøy kommune. Ragnvald Fagerlid på Raudeberg var kasserar i laget frå 1899 til 1934. Då vart han avløyst som kasserar av sambygdingen Leif Iversen (sjå denne – Vågsøy kommune) som hadde kasserarvervet fram til 1964. Branntrygdelaget vart altså ikkje delt sjølv om Vågsøy-kommunane vart skilde ut frå Selje i 1910.

Laget hadde i 1953 over 1200 medlemer i Selje og Vågsøy som hadde teikna brannassuranse.

I 1964 vart Selje Brannkasse, Davik Brannkasse og Eid og Stårheim Branntrygdelag slegne saman til Ytre Nordfjord Branntrygdelag med Ragnar Hals som styrar for hovudkontoret i Måløy. Branntrygdelaget hadde eit visst samarbeid med sjøforsikringsselskapet Havtrygd (sjå dette), då Ragnar Hals også var forretningførar for Havtrygd frå 1968 til 1985.

I 1974 kjøpte branntrygdelaget det tidlegare ”Myrestrand-bygget” ved Gate 1 i Måløy sentrum der m.a. branntrygdelaget og Måløy Postkontor hadde kontora sine. Branntrygdelaget hadde også kontor på Nordfjordeid.

I 1986 gjekk Ytre Nordfjord Branntrygdelag inn i det nyskipa Gjensidige Sogn og Fjordane som sidan har vorte ein del av i Gjensidige-konsernet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 25.01.2010