Hopp til innhold
X
Innhald

Selje Handelsforening

Coop Prix Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Coop Prix Selje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje Handelsforening vart skipa i 1920, og laget bygde eige forretningsbygg på Nabben. Laget endra namn til Selje Handelslag i 1946. Selje Handelslag bygde eit stort tilbygg i 1961, og i 2006 vart det noverande Coop Prix-bygget teke i bruk.

På 1980-talet kom Selje Handelslag med i det nyskipa Nordfjord Handelslag med hovudkontor på Nordfjordeid. I 2000 vart så Nordfjord Handelslag slege saman med samvirkelag på Sunnmøre, under namnet Coop Nordfjord og Sunnmøre BA (Coop Nor-Sunn), med administrasjonsstad i Volda.

I 2008 vart Coop Nor-Sunn slege saman med Coop Sogn og Fjordane til Coop Vest BA. Den nye eininga har i alt 83 butikkar frå Hareid i nord til Lærdal i sør og har og kring 870 tilsette. Coop Vest har hovudkontor i Førde.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 30.12.2009