Hopp til innhold
X
Innhald

Selje Hotell

Selje Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Industribyggjaren Wald Drageseth hadde lenge kjent saknet av eit skikkeleg hotell i Selje der han m.a. kunne hyse forretningsfolk og andre som hadde ærend til fabrikkane der. I 1975 bygde han difor Selje Hotell ved Seljesanden.

Hotellet hadde frå starten 85 senger, men er seinare utvida fleire gonger.

Frå 1976 overtok Gerd Kjellaug Berge og ektemannen Harald Berge drifta av hotellet, og i 1983 overtok dei som eigarar. Selje Hotell og vertskapet der vart tildelt næringslivsprisen Profilprisen for Sogn og Fjordane 1988.

I 2014 selde Berge-familien hotellet til den svenske familien Akcay.

Frimannsbua. Foto: Harald Berge.

Frimannsbua. Foto: Harald Berge.

Selje Hotell driv også overnattingstaden Selje Sjøhus og serveringsstaden Frimannsbua på Nabben i Selje sentrum.

Sjå omtale av Wald Drageseth og artikkelen Drageseth-familien grunnla dagens Selje.

Spa ved Selje Hotell. Foto: Selje Hotell

Spa ved Selje Hotell. Foto: Selje Hotell

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.06.2015