Hopp til innhold
X
Innhald

Selje kloster og Sunniva-legenden

Klosteret på vestsida av Seljeøya i Sogn og Fjordane er truleg den eldste kristne heilagstaden i Noreg. 

Legenden fortel om den irske kongsdottera Sunniva, som saman med ein liten flokk rømde Irland då ein vikinghøvding ville gifte seg med henne.

Utan årar og segl dreiv dei på havet, og rak i land på Selja. Der budde dei i bergholer. Då Håkon jarl drog til øya for å drepe «inntrengjarane», rømde Sunniva med flokken sin inn i ein steinheller. Opningen rasa att bak dei, og irane vart levande gravlagde. Noko seinare fann kjøpmenn lysande og særs velluktande bein i hellaren, og tok dei med til kong Olav Tryggvason. Han drog sjølv til Selja, og fann menneskebein med søt lukt.

I hellaren bygde Olav Tryggvason ei kyrkje i 996, truleg den første i Noreg. Denne fylkeskyrkja vart seinare flytta til Bø på austsida av øya, og i hellaren kom Mikalskyrkja. (sjå elles Flora kommune - Kinna-kyrkja).

Sunnivahola med klosterruinane i framgrunnen. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Sunnivahola med klosterruinane i framgrunnen. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Sunnivakyrkja

er bygd på ein terrasse like opp under hellaren, truleg seint på 1000-talet.

Kristkyrkja eller Albanus-kyrkja

vart bygt nede på flata under hellaren kring 1070. Kyrkja var eindel av Albanus-klosteret der, som er bygd i fleire byggjesteg frå 1100-talet til tidleg 1300-tal.

Første bispen

Olav Kyrre delte i 1068 Noreg i tre bispedøme: Nidaros, Oslo og Selja. På Selja vart Bjarnvard første biskop.

Mange turistar, som Kjetil Bolken,  tek seg ein sup av vatnet i Sunnivakjelda på Selja. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Mange turistar, som Kjetil Bolken, tek seg ein sup av vatnet i Sunnivakjelda på Selja. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Sunniva-skrinet

Sunniva-skrinet med det ein meinte var beinrestane etter den heilage kvinna St. Sunniva, vart teke vare på på Selja til 1170. Då vart skrinet flytta til Kristkyrkja i Bergen.

Fornfunn på Selje-klosteret

I ruinane er det m.a. funne godt bevarte restar av ein messhakel frå 1200-talet i Sunnivahellaren, og bitar av forgylte relieff.

Eigne handelshus

Klosteret på Selja hadde heilt frå 1200-talet eigne handelshus kring Vågen i Bergen.

Klostergodset - St. Jørgen - Harastølen

Klostergodset til Selje rådde etterkvart over enorme jordeigedomar over heile det nordlege Vestlandet.

Klosterruinane på Seljeøya på slutten av 1800-talet, teikna av Knud Knudsen.

Klosterruinane på Seljeøya på slutten av 1800-talet, teikna av Knud Knudsen.

Restaurering og utgraving på Selja

Restaurering av Selje kloster og utgravingar gjekk føre seg bolkevis frå 1867. Sjå også: Fornfunn på Selje-klosteret.

Biskopen av Selja

er av nyare dato, skipa i 1930 av den katolske kyrkja. I dei seinare åra har paven gjeve denne tittelen til «ambulerande» hjelpebiskopar kringom i verda – Brasil, Jugoslavia o.s.b.

Den katolske biskopen av Selja på vitjing på Seljeøya. Her er han fotografert saman med alle dei fastbuande på øya.

Den katolske biskopen av Selja på vitjing på Seljeøya. Her er han fotografert saman med alle dei fastbuande på øya.

Stort jubiléum i 1968

Kong Olav V var i august 1968 til stades på 900-årsjubileet på Seljeøya. Han kom med kongeskipet ”Norge” saman med kronprins Harald som hadde med seg sin trulova Sonja Haraldsen. Seinare samen hausten gifta Harald og Sonja seg. Til stades var dei høgste geistlege både frå den norske og den anglikanske kyrkja på dei britiske øyane. Høgmessa vart leia av Bjørgvin-bisp Per Juvkam, og kongen og Oslo-bisp Fridtjof Birkeli heldt hovudtalene under stemnet som samla over 8000 menneske.

Klostertårnet etter at restaureringsarbeidet var ferdig i 2012. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Klostertårnet etter at restaureringsarbeidet var ferdig i 2012. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Konservering av tårnet

I 2006 starta eit stort arbeid i regi av Riksantikvaren med å konservere klokketårnet. Dette arbeidet var ferdig i 2012, dette vart offisielt markert av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell. Men arbeidet med konservering av klosteret held fram til 2020.

Statue i Selje sentrum

I 2013 vart ei statue av St. Sunniva avduka i Selje sentrum. Statua er laga av bilethoggaren Arne Mæland.

Frå avdukinga av St. Sunniva-statua i Selje. Foto: Bjarne Eldevik.

Frå avdukinga av St. Sunniva-statua i Selje. Foto: Bjarne Eldevik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 17.06.2017