Hopp til innhold
X
Innhald

Selje kyrkje

Selje kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens kyrkje i Selje vart bygd i 1866. Arkitekt var J.H. Stockfledt. Byggmeister var Rasmus Sætre frå Stryn.

Altartavla i Selje kyrkje er frå 1866 og måla av Johannes Ludvig Losting som ein kopi av eit nattverdsmotiv måla av Rubens. Originalen heng i St. Paul kyrkje i Antwerpen. Preikestol, nattverdsutstyr, døypefont og kyrkjeklokker er frå byggjeåret til kyrkja.

I 1990 vart vindauga i koret dekorerte med glasmåleri av Hilmar og Svein Sørensen. Kvinnene i Pollane gav lysekruner til kyrkja i 1909.

I Selje kyrkje heng tre gamle portrettmåleri som truleg framstiller Claus Johansson Frimann (1666-1715), ektemaken Anne F. Harboe (1673-1769), og sonen deira, sokneprest Peder Harboe Frimann (1713-1759). To yngre portrettmåleri frå 1878 viser soknepresten Wilhelm Frimann Koren og ektemaken Aletta f. Bøyesen.

Selje med kyrkja tidleg på 1900-talet. © Fylkesarkivet.

Selje med kyrkja tidleg på 1900-talet. © Fylkesarkivet.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.03.2010