Hopp til innhold
X
Innhald

Selje Skjortefabrikk

Selje Skjortefabrikk grunnlagt 1946 av Wald Drageseth og broren Asbjørn Drageseth.

Far deira hadde 1936 starta skjorteproduksjon i mindre skala. Denne vart innstilt under krigen. Fabrikken starta med 20 tilsette. Etter ein brann jula 1946, stod ny fabrikk ferdig 1948 med 50 tilsette. I 1960 90 tilsette – 70 av desse kvinner.

Frå 1976 har Wald Drageseth og sonen Magnar eigd og drive Selje Skjortefabrikk åleine. Fabrikken var i denne familiegreina si eige til 2001, då aksjemajoriteten vart seld til Oslo-firmaet NB Partner. Etter store reduksjonar i 2001 og 2002 er fabrikken i Selje så godt som nedlagd, og produksjonen er flytta til Baltikum. Fabrikkbygningane på Nabben er framleis eigde av Magnar Drageseth.

(Sjå Wald Drageseth.)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 19.06.2008