Hopp til innhold
X
Innhald

Selje Sparebank

I 1995 flytta banken inn i dette bygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1995 flytta banken inn i dette bygget. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje Sparebank vart skipa i 1893. Dei første åra hadde banken ope berre ein dag kvar fjortande dag, frå 1912 to dagar i veka.

I 1904 bygde banken eige hus på garden Hamre, litt aust for Selje sentrum. No vert bygget brukt som bedehus.

Under den økonomiske krisa kring 1930 fekk Selje Sparebank så store økonomiske problem at den i realiteten var konkurs. Banken fekk akkord i 1934 og berga seg.

- Sjå elles artikkelen: Breiming starta bank og skjortefabrikk på Stadlandet under Selje Skjortefabrikk.

I 1960 bygde Selje Sparebank nytt bankbygg på Nabben i Selje, der det også vart plass til kaféen Nabben. Denne kaféen er framleis i drift. Etter at banken flytta inn i nybygg litt lengre aust i 1985, vart lokala i sentrum tekne i bruk til turistinformasjon. På 1970-talet starta Selje Sparebank filial på Leikanger på Stadlandet. I 2012 vedtok Sparebanken Vest å leggje ned filialen. Etter sterke protestar frå bygdefolket let banken vere å fjerne minibanken. Filialen som banken dreiv på Flatraket, er lagd ned tidlegare.

I 1971 gjekk sparebanken i Selje og Nord-Vågsøy Sparebank i Måløy inn i Nordfjord Sparebank. I 1989 vart Nordfjord Sparebank ein del av Sparebanken Vest .

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 14.08.2012