Hopp til innhold
X
Innhald

Seljekyrkja flytta til fastlandet

Teikning av den gamle kyrkja i Selje.

Teikning av den gamle kyrkja i Selje.

Den fyrste soknekyrkja i Selje låg på Selje kloster, men vart seinare flytta til Bø på austsida av Selja.

Dette kan ha skjedd i samband med at Sunnivakyrkja ved hellaren på Selje kloster vart bygd ein gong etter 1068. Kyrkja på Bø var mest sannsynleg ei stavkyrkje.

På 1500-talet vart det bygd ei ny kyrkje i lafta tømmer på Bø. Preikestolen der var frå 1592 og altartavla frå 1600, og både preikestol og tavle vart flytta over til Leikanger kyrkje noko seinare.

I 1654 vart Bø-kyrkja riven og tømmeret frakta over til fastlandet, der kyrkja vart sett opp på garden Hove. I 1675 vart kyrkja ombygd og fekk omlag same utsjånad som gamlekyrkja frå 1692 på Gimmestad i Gloppen, som framleis står.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 24.03.2010