Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd

Sigurd (f. ca. 1100-ca. 1170). Biskop. Han var den fjerde biskopen i Selja; frå kring 1139 til 1156. Han er omtala som ein av deltakarane på eit bispemøte i Lund i 1139.

I 1145 var han i England der han gjorde seg kjend med Cisterciensarordenen. Sigurd tok med 12 munkar og nokre lekfolk heim til Noreg. Mellom desse var Runolf som vart den første abbeden ved Lyste kloster ved Bergen som Sigurd skipa i 1146. Han gav sjølv storgarden Lyse til det nye klosteret.

Sigurd var med på riksmøtet i Nidaros i 1152-1153 der den norske bispestolen vart skipa.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 07.02.2010