Hopp til innhold
X
Innhald

Siste norske korsferda frå Selje?

Flyfoto av Selje og Seljeøya. Herifrå skal den siste norske korsferda ha teke ut. Foto: Stig Silden.

Flyfoto av Selje og Seljeøya. Herifrå skal den siste norske korsferda ha teke ut. Foto: Stig Silden.

Frå slutten av 1000-talet og fram til slutten av 1200-talet sende fyrstar i det kristne Europa styrkar til Israel for å frigjere den heilege byen Jerusalem (Jorsal) frå muslimane og andre «heidenske» område.

Den mest kjende norske korsfararen er Sigurd 1. Magnusson (ca. 1090–1130) – også kalla Sigurd Jorsalfare. Den siste norske korsferda skal etter segna ha teke ut frå Seljeøya den 17. januar 1271 under leiing av Andres Nikulausson og presten Maurits. I segna vert Andreas omtala som ein modig og stridshuga hovding, og mykje tyder på at han var kongeleg lendmann.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 29.03.2010