Hopp til innhold
X
Innhald

Sivert J. Berge

Sivert J. Berge (1823–1889) frå Vanylven, busett i Selje. Bonde og politikar.

Ordførar i Selje kommune 1874–1875. Han var kjend som ein ihuga «bondeven» og tilhengar av stortingsmann Søren Jaabæk sin sparepolitikk.

I 1874 fekk den spareivrige ordføraren kommunestyret med på å vedta at ein skulle gå tilbake til den gamle omgangsskuleordninga fordi den var billegare enn fastskule. Men Stiftsdireksjonen, som var øvste regionale styringsverk for skulen den gongen, nekta dei det.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 27.03.2008