Hopp til innhold
X
Innhald

Sjur Liland

– også kalla Sjur i Salt – starta landhandel på Salt ytst i Moldefjorden i 1868.

Her var det frå gamalt av skysskifte på ruta Rugsund-Sørpollen-Salt-Eide, og truleg har det lege eit gjestgiveri her. Salt vart også gamal tingstad for Stad skipreide. Liland dreiv truleg på Salt til 1886. Seinare har truleg Liland drive handel – kan hende ein filial - på Leikanger.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 19.06.2008