Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Selje

Stadlandet skule på Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stadlandet skule på Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulefundasen

Det var prestane i Noreg som fekk ansvar for den første norske skuleordninga. Den viktigaste grunnen til at ålmenskulen kom i gang midt på 1700-talet var trongen for at konfirmantane lærte seg å lese dei religiøse skriftene på eiga hand. For å få organisert undervisninga lokalt kalla sokneprestane saman til såkalla ”fundas”. Fundasen var eit møte mellom framstånde menn i prestegjeldet. Prestane leia skulefundasen. Der fastsette ein reglane for undervisning, krinsinndeling og finansiering av skulen. Ofte møtte kravet om pengeinnkrevjing til den første skulen sterke protestar frå foreldra, for det var lite reie pengar mellom vanlege folk på den tida.

Selje prestegjeld vart i 1741 delt inn i fire skuledistrikt. I 1746 var talet auka til seks skuledistrikt. Denne inndelinga ser ut til å ha halde seg i lang tid, for først i 1857 vart det skøytt på eit sjuande distrikt for Drage-Fure og Kvalheim-Kråkenes. Desse bygdelaga låg på kvar si side av Sildagapet, men dei delte likevel på den same omgangsskulelæraren. Prost Koren skildra tilstanden i omgangsskulen m.a. slik i 1854:

Bondestuene ere ikke sjelden trange og mørke. Familien vil ogsaa drive sin daglige Syssel i Skoletiden. Der skal da ogsaa Skoleholderen holde til, ofte med 20-30 Børn. Man kan i Sandhed undre over at noget kan udrettes under saadanne Forhold.

Heilt fram til 1910 var det vanleg at soknepresten i Selje reiste rundt i krinsane og heldt årseksamen for dei eldste borna i folkeskulen.

Folkevalt skulestyre

I 1861 fekk Selje for første gong skulestyre – ein såkalla ”skolecommission”. Skulestyret avvikla omgangsskulen i 1862. Kapellan Ulrik Koren, som vart den første formannen i skulestyret, heldt sjølv kurs for nye lærarar. Han dreiv også gratis skule for unge gutar i prestegarden. I 1864 vart det første faste skulehuset i Selje bygt på prestegarden.

Bondeven ville spare

Bonde Sivert J. Berge var ordførar i Selje i åra 1874-1875. Berge var nok sterkt påverka av bondevenrørsla til stortingsmann Søren Jaabæk då han i 1874 fekk kommunestyret med på å vedta at ein skulle gå tilbake til den gamle omgangsskuleordninga fordi den var billegare enn fastskule! Men stiftsdireksjonen i Bergen, som hadde ansvaret for skulestellet på Vestlandet på den tida, nekta å vere med på å ”setje klokka tilbake”, slik Berge la opp til.

Selje gamle skule på Hove, bygd i 1926 og i bruk til 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje gamle skule på Hove, bygd i 1926 og i bruk til 2005. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje

I Selje vart det bygt kombinert skulestove og klokkarbustad i 1864. Knut Halvorsen , som vart lærar og klokkar i 1862, var den første i dåverande Selje kommune med lærareksamen. I 1882 brann skulehuset på Hove ned, og tre av klokkarborna brann inne (sjå Ulukker i Selje). Nytt skulehus vart reist på dugnad. I 1926 vart det reist ny skule på Hove. Huset var i bruk til det vart stengt i 2005 fordi bygningen var helsefarleg. Den nye, kombinerte barne- og ungdomsskulen i Selje vart bygd i 1970.

Kjøde

Kjøde krins fekk skulehus i 1880. Lærar Gregorius Kjøde forskotterte bygginga, og dette huset vart nytta til skule fram til 1950.

Refsnes gamle skule på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Refsnes gamle skule på Stadlandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stadlandet

fekk skulehus truleg ein gong på 1880-talet. Paula Eltvik var første kvinnelege lærar i Selje kommune då ho vart tilsett ved Stadlandet skule i 1895. Den kombinerte barne- og ungdomsskulen på Stadlandet vart teken i bruk i 1970.

Ytre Stad grendaskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ytre Stad grendaskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ervik, Årvik og Morkadalkrinsane

på Stadlandet hadde hatt omgangsskule kvar for seg før dei fekk felles skulehus på Refsnes i 1888. Ervik krins bygde sitt eige hus for småskulen i 1924. I to-tre år etter dreiv bygdefolket i Ervik ein privatskule for borna i bygda. Grunnen var at dei ikkje ville akseptere at den nye skulen i krinsen vart bygd på Ferstad nokre kilometer lengre aust. I Ervik vart det i 1998 bygt nytt skule- og samfunnsbygg, der bygdefolket, og særleg velståande fiskebåtreiarar i bygda ytte store økonomiske bidrag. Men skulen, med namnet Ytre Stad grendaskule, vart lagd ned i 2014 på grunn av vanskeleg kommuneøkonomi.

Honningsvåg

fekk skulehus i 1890, og nybygg i 1977.

Nordstranda

fekk skulehus i 1893. Krinsen vart lagd ned midt på 1990-talet.

Tidlegare Nordstranda skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Nordstranda skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stokkevåg

fekk skulehus i 1895, og nytt skulehus då det gamle brann i 1926.

Moldefjorden

fekk skulehus i 1900 då det gamle skulehuset frå Refvik i Nord-Vågsøy vart rive og flytta til Moldefjorden.

Elevar ved Moldestad skule i 1926. Ukjend fotograf. Eigar: Lundgren/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar ved Moldestad skule i 1926. Ukjend fotograf. Eigar: Lundgren/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nordpoll

fekk skulehus i 1905.

Barmen

fekk skulehus i 1915.

Eide

fekk skulehus i 1917.

Sandvik

fekk skulehus i 1918.

Årvik

fekk skulehus i 1925.

Tidlegare Borgundvåg skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Borgundvåg skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Andre skulekrinsar i Selje

Også Borgundvåg, Eltvik, Drage, Hoddevik og Flatraket er registrerte som eigne skulekrinsar i 1891, men det er ikkje opplyst når dei første skulehusa der vart bygde. Seinare kom det også eigen skule på Indre Fure.

Tidlegare Drage skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Drage skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nynorsk frå 1914

Nynorsk vart gjennomført som undervisningsmål i Selje-skulane i åra frå 1914 til 1939. Den første krinsen med nynorsk var Hoddevik i 1914. Prost Ludvig Strømme gjekk sterkt imot at det vart innført nynorsk i Hoddevik-skulen. Nynorsk vart målforma i Honningsvåg skule i 1918, og i 1926 i Nordstranda, Barmen, Borgundvåg, Refsnes, Drage, Eide, Røyset, Sandvik, Nordpoll, Flatraket og Moldestad krinsar. Årvik og Kjøde kom etter med nynorsk i 1936. I 1939 la Stokkevåg, Eltvik og Hove krinsar om til nynorsk, dermed var det innført nynorsk i alle skule krinsane i Selje kommune.

Selje Sløyd og Arbeidsskule

Selje Sløyd og Arbeidsskule vart skipa 1885 av prost Ludvig Strømme. Skulen vart driven etter mønster frå Holmøy Arbeidsskule. Prosten bygde eige hus for skulen på prestegarden, men seinare var kursa ambulerande, også til Måløy og Osmundsvåg. Skulen vart nedlagt i 1909, men starta på nytt 1916 med elevar berre frå Selje kommune (storkommunen Selje vart ”frådelt” Vågsøy i 1910).

Skulestriden på 1960-talet

Innføringa av niårig ungdomsskule på 1960-talet førde til mange bitre skulestridar kringom i fylket. I indre Sunnfjord og midtre Sogn vekte det harme då skuledirektøren ville byggje store sentralskular for fleire kommunar. Kommunane fekk til slutt viljen sin og fekk bygd kvar sin ungdomsskule. Selje kommune opplevde på denne tida ein av dei bitraste skulestridar i heile landet. Striden stod om den eine ungdomsskulen som ein rekna med å få godkjend skulle byggjast i Selje eller på Stadlandet. Skulestriden i Selje førde med seg rettssaker mellom dei mest aktive avisdebattantane, og kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik reiste personleg til Selje for å mekle i striden. Skulestriden enda med at kommunen fekk høve til å byggje to ungdomsskular – ein i Selje og ein på Stadlandet. Begge skulane vart opna i 1970 og har vore i drift sidan.

Selje skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selje skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens skular:

  • Selje skule (1.-10. kl.) 211 elevar (i 2006)
  • Stadlandet skule (1.-10. kl.) 152 elevar
  • Flatraket skule (1.-7. kl.) 62 elevar
  • Ytre Stad grendaskule (1.-7. kl.) 28 elevar (blir lagd ned frå skuleåret 2014/2015).
  • Flatraket skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Flatraket skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 28.02.2014